Norske på Mastodon, sett frå følgjarane mine

Eg gjekk gjennom alle som følgjer @markus@skvip.lol, alle som følgjer dei, og så eitt steg til ut frå dei som var aktive, og sjekka kven som skriv på norsk. Kvar prikk er ein konto. Kartet er anonymisert: du ser grupper, aktivitet og språk, men ikkje kven som er kven.

norske kontoar
1 804
serverar
126
skreiv noko siste månad
398
på snabelen.no
45 %

Kartet

  • Snabelen-kjerna 910
  • På tvers av serverar 892

Dra for å flytte, rull eller knip for å zoome, og hald over ein prikk for å sjå kva gruppe han høyrer til. Den svarte prikken er meg, @markus@skvip.lol. Store prikkar har mange norske følgjarar, men det er berre målt for dei som følgjer meg.

Opne kartet med tabellar på msge.no

To grupper som heng tett saman

Gruppene er kontoar som følgjer dei same folka, funne med Louvain køyrd 60 gongar. Berre det dei fleste køyringane var samde om, er «fast plassert». Grensene er mjuke: med to steg fann eg tre grupper, men det tredje steget fekk to av dei til å gli saman. Skiljet mellom Snabelen-kjerna og resten er det som held.

Dei to gruppene med tal kontoar, kor mange som er fast plassert, delen på snabelen.no, delen som skreiv noko siste månad og delen som skriv mest nynorsk
GruppeKontoarFast plassertPå snabelen.noAktiv siste månadMest nynorsk
Snabelen-kjerna91082564 %9 %5 %
På tvers av serverar89276725 %36 %7 %

Kor mange er aktive?

Datoen for siste innlegg, henta 20. oktober 2026. 908 kontoar har ikkje skrive noko på over to år, og for 18 oppgjev ikkje serveren nokon dato.

Tal kontoar som har lagt ut noko innanfor kvar periode, og delen av alle
Siste innleggKontoarDel
Siste veke28916 %
Siste månad39822 %
Siste tre månadar49027 %
Siste halvår56131 %
Siste år68238 %
Siste to år87849 %

Kvar er dei?

Dei tre største serverane, og resten samla. Små serverar er slått saman så ingen kan peikast ut av kva server dei er på.

Tal norske kontoar per server
ServerKontoarDel
snabelen.no81145 %
oslo.town20111 %
mastodon.social26315 %
Andre serverar52929 %

Korleis kartet er laga

Ein konto tel som norsk når minst eitt av dei 40 siste innlegga er merka nb, nn eller no. Det handlar om språk, ikkje nasjonalitet. 168 av kontoane følgjer meg, og 1 335 følgjer ein av dei. Dei siste 301 er funne eitt steg til ut, blant følgjarane til dei i steg to som hadde skrive noko siste året. Mellom alle går 34 804 følgjer.

Det tredje steget er berre med som følgjarar. Eg har ikkje henta kven som følgjer dei, og dei kan ikkje følgje nokon av følgjarane mine, for då hadde dei kome med i steget før. Difor ser hubbane mindre ut i prosent enn med to steg, utan at dei har mista nokon.

Alt er henta gjennom det opne Mastodon-API-et utan innlogging. Kontoar med #nobot eller #noindex i profilen er ikkje med. GoToSocial, vanleg Misskey og serverar som krev innlogging fell ut. Norske grupper som ikkje heng saman med meg, er heller ikkje med, så kartet viser mitt hjørne av Mastodon, ikkje heile det norske Mastodon.

Meir om prosjektet står på markus.plus.