Krysspeik
Staden her veit ganske mykje om kva eg gjer: kva tog eg tek, kva filmar eg ser, kva bøker eg les. Denne sida held YouTube opp mot dei tri andre og spør om dagane heng saman.
Dette beviser ingenting. Det er éin person sine eigne data, utan kontrollgruppe og utan noko forsøk på å skilja årsak frå samanfall. Det er underhaldning, og sida seier det her ein gong for alle i staden for å pynta på det under kvar figur.
Grunnlaget
Tuben mot togdagane
Tuben mot Rulleteksten
Skjerm mot bok
Det som manglar
Ei fjerde blokk skulle halde YouTube opp mot scrobblane frå Last.fm, og ho står ikkje her. Grunnen er kjedeleg og verdt å seia rett ut: statistikken for scrobblar kan grupperast på artist, album og låt, men ikkje på dag, og å henta ut dagstal ville kravd eitt kall per dag over femten år. Blokka kjem den dagen det finst ei dagsbøtte å spørja om.