Plakaten til «Ubesvart anrop»

Scene · msge.no

Det eg har sett på scena

Programmet

  1. Ubesvart anrop

    Riksteatret

    Etter Nora Dåsnes · regi Toril Solvang-Kayiambakis

    Eg las Nora Dåsnes si grafiske roman for nokre år sida, og har lese alt ho har gjeve ut sida då. Då blei det enkelt å skaffe seg billett til dette stykket når det reiste gjennom regionen.

    Les meir

    Det er sterkare enn eg forventa, det høyrde eg fleire ungdom i salen snakke om på veg ut òg. Til tidar blir det litt vel "skodespel for ungdom med moral", men det var no òg litt av poenget med turneen. Den er satt opp for at skuleklassar skulle kunne koma og sjå.

    Eg trur nok eg føretrekk boka, men stykket fekk til ein del likevel. Det er lenge sida sist eg tenkte på 22. juli slik eg gjorde undervegs og etter dette stykket.

  2. · oppsetjing

    Til stjernene fell ned Til stjernene fell ned

    regi Miriam Prestøy Lie

    Dette var utruleg bra. Imponert. Masse action gjennom heile stykket, og mange trådar å følgje med på. Folk gjekk av og på scena til ein kvar tid, og det eg trudde stykket handla om handla det ikkje om.

    Les meir

    Dette er eit stykke eg klart kunne sett om att for å sjå nærmare på andre perspektiv.

  3. · oppsetjing

    Re:Creation Dara Ó Briain: Re:Creation (Grieghallen)

    Dara Ó Briain er utruleg løyen! Dette var eit show utan nedturar. Blei spesielt bra av at det var ein slags oppfølgjar til førre turné.

  4. · oppsetjing

    Standup med Jørgen EP & Javad El Bakali Standup med Jørgen EP & Javad El Bakali (Stavangeren)

    Dette var veldig ymse. Store deler kor eg berre ikkje lo og heller gremmest.

    Les meir

    Javad El Bakali var eit ljospunkt. Han overraska positivt. Kveldens høgdepunkt.

  5. · oppsetjing

    Psykodrama livepod Psykodrama livepod (turné 2026)

    Dette var meir morosamt enn eg hadde tenkt meg. Eg har berre sett fjernsynsserien med same namn, og aldri høyrd på podcasten. Per og Ole kan å underhalde eit publikum, og held koken gående i alle dei ~75 minutta det varte.

    Les meir

    Dei hadde med seg spesialgjest Kurt Nilsen som var underhaldande. Han kunne dele at han verken ville vera med på Idol eller World Idol, og at han trudde gitarhytta var eit av hans livs store botnpunkt.

  6. · oppsetjing

    Paddington the Musical Paddington the Musical (West End)

    regi Luke Sheppard

    For ein fryd å sjå Paddington på scena! Det var magisk å sjå bjørnen kome til live på scena med den robotiske maska.

    Les meir

    Fyrste del av musikalen var tilnærma perfekt. Morosam, rørande, og berre kos. Diverre blei del to litt full av songar og historielinjar som, i mi meining, kunne ha blitt fjerna heilt.

    Eg trur ikkje eg har kosa meg meir i ein teatersal enn eg gjorde under fyrste del av Paddington.

  7. · oppsetjing

    Gitarmannen Gitarmannen

    regi Ida Høy

    Eit stykke av Jon Fosse skuffar sjeldant. Det var spesielt gøy å få sjå nett dette stykket med den skodespelaren som stykket blei skrevet for i si tid.

    Les meir

    Skodespelet var veldig bra. Spesielt dei mange småtaktane brakte figuren til live.

    Er dette ei dramatisering av Tore Tang, mon tru?