‹

Året 2026

Året · 2026

2026, månad for månad

Eitt høgdepunkt frå kvar månad, mest reiser. Prov på at året ikkje var tomt.

  • 93togetappar
  • 21 220km på skjener
  • 8land med tog
  • 6konsertar
  • 8teaterkveldar

Togtala er talde frå avgang og held fram med å telja ut året. Konsertar og teater er talde for hand, sist 8. november.

Januar

Nattog til Trondheim

  1. Bergen
  2. Oslo S
  3. Trondheim
  4. Oslo S
  5. Bergen

Nattoget begge vegar over fjellet.

Nattoget over fjellet og vidare til Trondheim. Utanfor Vår Frue kyrkje stod Ragnhild Risnes og spelte i snøen, funnen heilt tilfeldig, og i Olavshallen sat Janove åleine ved pianoet i halvanna time og fortalde historiene bak songane. Månaden byrja med Synne Sørgjerd i Bergen kulturhus, den fyrste gongen eg såg ho live.

Janove Ottesen smilar med ein penn i handa under signeringa etter konserten, med publikum sett bakfrå.

Konsert

Janove

Olavshallen, Trondheim · 17. januar

«Noko som står igjen er at Bak En Sky Heim faktisk blei skrevet på ein halvtime.»

Gigowl
Ragnhild Risnes spelar og syng på torget i snøen utanfor Vår Frue kyrkje i Trondheim, med mikrofon og høgtalar framfor seg og kyrkjetårnet bak.

Konsert

Ragnhild Risnes

Utanfor Vår Frue kyrkje, Trondheim · 17. januar

Gigowl
Synne Sørgjerd sit i mørket med eit spotlys på seg og spelar gitar.

Konsert

Synne Sørgjerd

Bergen kulturhus · 10. januar

«Dette er ein av dei gøyaste konsertane eg har vore på.»

Gigowl

Februar

SognaCon i Sogndal

  1. Bergen
  2. Sogndal

Med bil, for ein gongs skuld.

Ei helg i Sogndal for SognaCon, med ein tur opp på scena for å snakka om Udugelege heltar. Om kvelden spelte Extra Lives dataspelmusikk medan publikum styrte forteljinga ved å røysta på mobilen.

Mørk scene med ei publikumsrøysting på storskjermen: «Which entrance do you try?», 53 mot 47 prosent, og ein QR-kode til høgre. To programleiarar står framfor skjermen.

Konsert

Extra Lives

Sogndal Kulturhus, SognaCon · 28. februar

«Det var morosamt og gøy.»

Gigowl
Bilete av to menn på ei scene. Ein av dei er @markus@skvip.lol. Bak dei er ein skjerm med logoen til teikneserien "Udugelege heltar". 

Mannen nærmast kameraet smilar. Mannen bak strekkar armane ut til sidane for å vise fram biletet bak dei.

Me står på scena av #SognaCon!

Mars

Til Berlin med tog for Maisie Peters

  1. Bergen
  2. Oslo S
  3. Göteborg
  4. Malmö
  5. Berlin
  6. Hamburg
  7. København
  8. Malmö
  9. Göteborg
  10. Oslo S
  11. Bergen

Nattoget EN 345 frå Malmö til Berlin.

48 timar på tog på éi helg, for éin konsert. Denne gongen var det fullt show, etter den sjuke, akustiske konserten i Drammen i 2024, og endeleg fekk eg høyra Lost the Breakup live.

Scena på Maisie Peters-konserten, der lyset skriv «Maisie Peters» i snirkla skrift på veggen.

Konsert

Maisie Peters

Astra Kulturhaus, Berlin · 20. mars

«Endeleg fekk eg sett Maisie Peters ordentleg!»

Gigowl
Smilende mann (@markus@skvip.lol) held opp ei bok i eit urbant område. Langt i bakgrunnen ser me Berlin fjernsyntårn. Over hovudet på mannen ser me to skilt med vegnamn. Mot venstre et Rosa-Luxemburg-Platz og mot høgre er Rosa-Luxemburg-Strasse.

Boka mannen held har på omslaget ei kvinne i sort-kvitt. Rosa tekst seier: Rosa Luxemburg: en biografi

Boka me les i boksirkelen for tida viste seg å vera ytterst relevant for #MaisieToget !

April

Interrail til Disneyland og London

  1. Bergen
  2. Oslo S
  3. Göteborg
  4. Hamburg
  5. Köln
  6. Bruxelles
  7. Paris Nord
  8. Disneyland
  9. Lille
  10. London St Pancras
  11. Bruxelles
  12. Köln
  13. Hamburg
  14. Odense
  15. København
  16. Alvesta
  17. Malmö
  18. Göteborg
  19. Halden
  20. Oslo S
  21. Bergen

Elleve dagar, frå 28. mars til 8. april.

Elleve dagar på interrailpass. Tre dagar i Disneyland, så Eurostar til London og Paddington the Musical på Savoy Theatre, og heim att gjennom Belgia, Tyskland, Danmark og Sverige.

Teater

Paddington the Musical

Savoy Theatre, London · 3. april

«Eg trur ikkje eg har kosa meg meir i ein teatersal enn eg gjorde under fyrste del av Paddington.»

Om framsyninga
Togtur frå viaduct.world. 

Eit kart visar nordvestre Europa med ei toglinje frå Bergen til London og Paris. 

Det står: 

Disneyland og London 26
Duration 59h 52m
Distance 6 153 km
Date 28 Mar - 08 Apr 2026
Trips 26 
Stations 20
Crossed countries 7
Night trips 1
Travel days 10

I tillegg er det i nedre venstre hjørne ein QR-kode på sida av 6 logoar frå togselskap. Vy, SNCF, DB, Eurostar, SJ, DSB.

Her er turen min til Disneyland og London med den nye funksjonaliteten.

Ei samling Doctor Who-bøker og ein Blu-ray-boks ligg utbreidde på eit kvitt sengetøy. 

Bøkene er:
- Autonomy
- The Stone Rose
- The King's Dragon
- Charles Darwin and the Silurian Survival
- Doctor Who and the Dinosaur Invasion
- Doctor Who and the Space War
- The Ruby's Curse
- Beautiful Chaos
- Frida Kahlo and the Skull Children
- Fifteen Doctors, 15 Stories
- I Am a Dalek
- At Childhood's End
- The Maze of Doom
- Engines of War

I tillegg ligg ein Doctor Who: Series 1–4 & Specials Blu-ray Collection nedst til venstre.

Gårdsdagens fanget frå tri forskjellege bokhandlarar og ein britisk Platekompaniet (HMV) i London.

Spør meg om eg likar Doctor Who.

Mai

Nord-Sjælland rundt på småbanar

  1. København H
  2. Helsingør
  3. Gilleleje
  4. Hillerød
  5. Hundested
  6. Rørvig (ferje)
  7. Nykøbing Sj
  8. Holbæk
  9. København H

Ein heil dag rundt Nord-Sjælland på lokalbanar, med den vesle ferja frå Hundested til Rørvig midt i og ein kort busstur for å nå toget i Nykøbing. Tidlegare i månaden såg eg Til stjernene fell ned på DNS.

Teater

Til stjernene fell ned

Den Nationale Scene, Bergen · 19. mai

«Dette var utruleg bra.»

Om framsyninga
Eit digitalt kart i mørke fargar som viser ruta for ei togreise rundt på Nord-Sjælland i Danmark. Kartbakgrunnen er mørkegrå for landmassane og mørkeblå for havet. Ei samanhengande, lysegrøn linje markerer togruta, som bind saman fleire stasjonar merka med kvite sirklar med raud kant. Ruta startar nede til høgre ved Københavns Hovedbanegård og går nordover langs kysten forbi Kongens Lyngby og Birkerød til Helsingør. Derfrå svingar ho vestover langs nordkysten til Gilleleje, går sørover inn i landet til Hillerød, og held fram i ein boge mot nordvest til Hundested Havn. Vidare går ruta sørover via Nykøbing Sj, ned til Holbæk, før ho svingar austover igjen via Roskilde og tilbake til København, noko som formar ein stor, lukka ring i landskapet.

Eg er relativt opplagt, det er meldt relativt fint vêr. Nei. Skal eg ta dykk med på #NordSjællandRundt då?

På biletet kan de sjå ruta eg skal prøve meg på. Tog i sirkel, pluss ei ferge og ein kort busstur for å kome meg mellom to togstasjonar i nordvest.

Ein selfie av ein smilande mann med skjegg og lilla hettegenser på ein perrong under den store bogehallen på Københavns Hovedbanegård. Til høgre for han står fronten på ei kvit og grå Bombardier dobbeltdrekar-styrevogn (DSB ABs). Toget har det raude DSB-logoen på snuten, og det digitale destinasjonsskiltet over frontruta lyser grønt med teksten «Helsingør». I bakgrunnen ser ein den opne og historiske stasjonsarkitekturen i tre og stål med bogetak, og nokre få andre reisande på perrongen.

Då startar #NordSjællandRundt med intercity-toget frå København til Helsingør.

Ein selfie av ein mann med raudbrunt skjegg og blå hettegenser som sit i eit passasjersete inne på eit lokaltog av modellen Alstom Coradia LINT 41. Mannen smiler svakt og kikkar opp og framover i kupéen. Toget har mørkeblå passasjersete med eit raudt og lyst mønster. Det er store panorama-vindaugo på begge sider av vogna, og på utsida fyk ein tett, grøn og frodig skog forbi i full fart, noko som gir ein tydeleg fartsfølelse i biletet. Kupéen er lys og open med langstrakte lysrøyr i taket.

Det blei skogtur på andre sida av Gilleleje òg.

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg og lilla hettegenser på Nykøbing Sjælland stasjon. Til venstre står fronten på eit raudt og grått lokaltog av modellen Siemens Desiro Classic på sporet. Det digitale destinasjonsskiltet i frontruta viser teksten «510R Holbæk». Til høgre i biletet ser ein stasjonsbygningen i mur med eit skilt der det står «NYKØBING». I bakgrunnen på den grå perrongen står det fleire andre reisande som ventar under ein grå og overskya himmel.

Bussen farte avgarde og kom to minutt før toget rulla inn på perrongen til Nykøbing Sjælland.

No er eg på siste Movia-tog av dagen.

Juni

Roskilde, Næstved og heim på fyrsteklasse

  1. København H
  2. Roskilde
  3. Næstved
  4. København H
  5. Malmö
  6. Göteborg
  7. Oslo S
  8. Bergen

Fyrsteklasse til Göteborg og over fjellet.

Fleire danske rundturar, ut til Roskilde og Næstved, før turen heim gjennom Sverige, på fyrsteklasse heile vegen over Bergensbanen. Midt i månaden tok me dei same toga som me tok i fjor.

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg og lilla hettegenser på ein overbygd togperrong. Til høgre står fronten på eit raudt og grått elektrisk lokomotiv av typen Siemens Vectron (DSB litra EB) på sporet. Lokomotivet er merka med DSB sin kvite logo på den raude fronten, har lokomotivnummeret «3211» oppe til høgre, og ein kan sjå «SIEMENS»-preginga på fofsplata. Lokomotivet er kopla til ei rekkje med passasjervogner som strekkjer seg bakover langs perrongen. I bakgrunnen ser ein perrongen fortsetje under taket, med nokre få personar i det fjerne, under ein ljos himmel

På veg mot Næstved.

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg og lilla hettegenser på ein togperrong inne på Malmö Centralstation. Til høgre står den grå, strømlinjeforma fronten på eit svensk SJ X2000-snøggtog på sporet. Togfronten er prega av metalloverflata, har SJ sin klassiske, vinga logo prega i midten, og vognnummeret «3345» oppe til høgre. Over og bak toget breier det historiske, raudmåla perrongtaket i stål og tre seg ut. Oppe til venstre ser ein ei analog stasjonsklokke og eit digitalt skilt der det står «Göteborg».

Ein #TogSelfie må til når #KodeToget blir til snøggtog!

No skal eg suse avgarde til Gøteborg.

Ein selfie av ein smilande mann med skjegg, solbriller og ein salviegrøn t-skjorte på ein solfylt perrong på Arna stasjon (Spor 1). Til venstre står fronten på eit grønt og mørkegrått elektrisk Vy-tog av typen Stadler FLIRT (Vy litra BM75) klart ved plattforma, merka med settnummeret «75563» under frontruta. Den gule tryggleikslinja strekkjer seg langs den tomme perrongen ved sidan av toget. I bakgrunnen ser ein bustadhus i åssida og eit grønt, skogkledd fjell som reiser seg mot ein klår, blå sommarhimmel med nokre få, kvite skyer.

Me er ute og tek dei same toga som me tok i fjor. Her er #TogSelfie på Arna stasjon.

Juli

The Golden Train

  1. Åndalsnes
  2. Bjorli
  3. Åndalsnes

Turisttoget på Raumabanen, opp dalen frå Åndalsnes til Bjorli og ned att, i vogner med gullfelt langs vindauga. Dagen før stod eg på Trollstigen og vinka.

Utsikt frå Trollstigen over ein djup, grøn dal omkransa av bratte, grå fjellsider under ein overskydd himmel. Til venstre snor den kjende, svingete vegen seg nedover fjellsida. Til høgre står ein gruppe turistar på ein moderne utstikksplattform i betong og rustbrunt stål som heng utover kanten, der ein mann vinkar mot kameraet.

God ettermiddag frå Trollstigen!

Finn Markus:

Eit oversiktsbilete frå stasjonsområdet på Åndalsnes stasjon, der turisttoget The Golden Train står parkert på eit sidespor. Togsettet strekkjer seg bortover skjenegangen med sine særprega mørkeblå passasjervogner som har eit breitt, gyllent gullfelt langs vindaugsrekkja og teksten «THE GOLDEN TRAIN» på vognsidene. I fronten av togstamma kan ein skimte eit grønt og kvitt diesellokomotiv. Rett bak toget reiser det mektige og skogkledde fjellet Nesaksla seg steilt opp mot ein skyete himmel, og på toppen kan ein sjå fjellstova Eggen. Strekkjer ein auga langs kabelen frå stasjonen og oppover fjellsida, kan ein sjå Romsdalsgondolen på veg opp mot toppen.

I morgon blir det nytt tog!!!

Me skal ta The Golden Train, eit turisttog som går mellom Åndalsnes og Bjorli.

Eg har alltid vore imponert over kor flott dekorerte vognar dei har på linja.

Ein selfie av ein smilande mann med skjegg, lilla hettegenser og ein lys caps som han helsar med, på ein perrong ved Åndalsnes stasjon. Til høgre dominerer den flate, kantete fronten på eit kraftig, lysegrønt diesellokomotiv som dreg The Golden Train. Midt på den grøne fronten er det eit stort, svart skilt med gullskrift der det står «NORDIC RE-FINANCE AB», og under dette står lokomotivnummeret «1461». Lokomotivet har frontlysa tende. I bakgrunnen til høgre kan ein sjå dei mørkeblå og gullfarga passasjervognene til The Golden Train oppstilt på sporet ved sidan av, og bakom reiser det grønkledde fjellet Nesaksla seg under ein overskya himmel.

Dagens #TogSelfie! Her eg med loket som skal dra The Golden Train mellom Åndalsnes og Bjorli.

Utsyn gjennom eit ope vindauge om bord på The Golden Train (Raumabana), der det dramatiske norske landskapet opnar seg. Til venstre ser ein den klåre, skumgitte elva Rauma som renn gjennom eit trongt gjel omkransa av grøne furutre, bergveggar og bratte, skogkledde åssider under ein delvis blå og skyete himmel. Til høgre i biletet ser ein ein refleksjon i vindaugsglaset til ei innvendig dør, der ein mann med skjegg, ljos caps, rosa t-skjorte og shorts står inne i den moderne togvogna.

Ho kona fanga meg som tek video til togsamlinga mi. Ikkje togselfie, menmen.

Eit bilete teke i lågt perspektiv frå ein stasjonperrong i klårt solskin, som viser den bakre delen av eit passasjertog frå The Golden Train. Ein smilande mann med skjegg, ljos caps, rosa t-skjorte og shorts heng spøkefullt ut frå den opne døra heilt bakarst på vogna medan han held seg fast i dørkarmen. Togvogna er elegant lakkert i mørkeblått med eit breitt gullfarga felt langs vindaugsrekkja, og har teksten «THE GOLDEN TRAIN» og ein kongekrone-logo i gull på vognsida. Toget strekkjer seg framover til venstre i biletet under ein klår, sterk blå himmel med nokre få, kvite skyer. Ein uniformert togkonduktør kan skimtast på perrongen langt til venstre.

Nytt profilbanner.

August

Torucon i Trondheim, så Røros

  1. Bergen
  2. Oslo S
  3. Trondheim
  4. Oslo S
  5. Bergen
  1. Bergen
  2. Oslo S
  3. Hamar
  4. Røros
  5. Alvdal
  6. Røros
  7. Hamar
  8. Oslo S
  9. Bergen

Rørosbanen var ei ny line for meg.

To turar på éin månad. Fyrst Torucon i Trondheim, så Rørosbanen til Røros for nokre dagar, med ein dagstur til Alvdal og nattoget heim.

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg og blå hettejakke på ein perrong under tak på Oslo Sentralstasjon (Oslo S). Til høgre står fronten på eit mørkegrått elektrisk lokomotiv av typen El 18 (SNCL/SLM/Adtranz), som dreg F6-toget på Dovrebanen mot Trondheim. Lokomotivfronten har det karakteristiske, hellande designet og er merka med lokomotivnummeret «18 2246» øverst over frontruta. Midt på frontpartiet prydar den kvite SJ Nord-logoen. Frontlysa på lokomotivet lyser, og i førerrommet skimtar ein eit gult og svart varselskilt samt instrumentpanel. I bakgrunnen til venstre kan ein sjå andre togsett på perrongane, og over perrongtaket hevar næringsbygga i Oslo sentrum seg mot ein delvis overskya himmel.

Her er dagens #TogSelfie! I dag i lag med SJ Nord sitt lol som skal dra meg vidare mot Trondheim S og #Torucon.

Dette blir min tredje gong på strekket.

Ein mann med skjegg, grøn t-skjorte og shorts poserer dynamisk inni ein fargerik, dekorert fotoramme på Torucon. Han strekkjer den eine armen skrått oppover og den andre ut til sida. Den pastellfarga ramma er pynta med rosa band, stjerner, såpebobler og ein gul månesigd. Nederst på ramma står teksten «Torucon», «Bubblepop» og «2026» i spretten, fargerik skrift på ein bakgrunn av lyseblå og lilla skyer.

Takk førr mæ, #Torucon

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, grøn t-skjorte og lilla hettejakke på ein solfylt perrong på Hamar stasjon (Spor 2). Til høgre står den avrunda fronten på eit blått dieselkrengjetog av typen NSB Type 93 (SJ Nord litra BM93), klart til avgang på Rørosbanen. Under frontruta står settnummeret «93.52», og på destinasjonsskjermen over frontruta lyser «Røros» i grøne punkt. Frontlysa er tende, og vognsida ber SJ Nord-logoen og merkinga «BCM93.52». I bakgrunnen til høgre ligg den raude og kvite stasjonsbygningen med kvite gavlar og buete vindauge, og til venstre reiser ei oransje byggjekran og køyreleidningane seg mot ein klår, blå sommarhimmel.

🚆 Tog: Type 93 · Litra: BM93 · Nr: 93.52 · Stasjon: Hamar · Bane: Rørosbanen · Selskap: SJ Nord

No skal eg noko så sjeldant som å ta ei ny (for meg) toglinje i Noreg!

Her er #TogSelfie med dieseltoget som skal ta oss frå Hamar til Røros.

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, raudrosa t-skjorte og lilla hettejakke med ljos fôrkant på perrongen på Røros stasjon. Til venstre står den avrunda fronten på eit mørkeblått bimodalt motorvognsett av typen Stadler FLIRT (SJ Nord litra BM76), merka med settnummeret «76501» under frontruta og SJ-logoen med det vinga symbolet midt på frontpartiet. Frontlysa og dei gule markeringslysa lyser, og den gule tryggleikslinja følgjer perrongen bortover langs toget. På nabosporet heilt til venstre står fronten på eit anna sett av same typen. I bakgrunnen ser ein perronglysstolpar, grøne tre og ei mast, under ein tung, grå og overskya himmel.

🚆 Tog: Type 76 · Litra: BM76 · Nr: 76501 · Stasjon: Røros · Bane: Rørosbanen · Selskap: SJ Nord

#TogSelfie med Type 76-toget som skal ta oss frå Røros til Alvdal.

Selfien blei tatt mens toget køyrde langs betongplattforma, men det stoppa med treplattforma. Spanande konsept.

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, mørkeblå hettejakke med lodden krage og vinraud t-skjorte, med skulderreimene på ryggsekken synlege, på ein overbygd perrong på Oslo Sentralstasjon (Oslo S) om kvelden. Til venstre står fronten på eit mørkegrått elektrisk lokomotiv av typen El 18 (SLM/Adtranz), som skal dra toget over Bergensbanen til Bergen. Lokomotivet har det karakteristiske, hellande frontpartiet og er merka med loknummeret «18 2254» i kvit skrift øvst over frontruta, og eit «2» ute på hjørnet. Frontlysa lyser skarpt, og i førarrommet skimtar ein instrumentpanel og eit gult og svart varselskilt. Bak lokomotivet står dei kvite og grå vognene med gul stripe langs sida, dekte av ein fotodekor med teksten «SE NORGE. TA TOGET». I bakgrunnen går den gule tryggleikslinja bortover perrongen mot folk, avgangstavler og eit anna togsett, under eit lågt betongtak der ei lampe blenkjer bak hovudet hans.

🚆 Tog: El 18 · Nr: 18 2254 · Stasjon: Oslo S · Bane: Bergensbanen · Selskap: Vy

Veldig mørkt her med loket på Oslo S, men #TogSelfie må det bli!

No skal me sove oss over fjella før jobben ventar i morgon.

September

Hyttehelg og ein heilt ny stasjon

  1. Bergen
  2. Trengereid
  3. Bergen

Ei hyttehelg med morgonlesing i hyttebiblioteket før Daggerheart-eventyret, og toget ut til Trengereid, ein stasjon eg aldri hadde vore på før. Dagen etter trefte Ubesvart anrop på Riksteatret, etter teikneserien til Nora Dåsnes, hardare enn eg venta.

Ein person sit inne i ei koseleg hytte og held ei open bok framfor ei stor bokhylle i tre full av bøker. Kameraet panorerer mot høgre, forbi eit sofabord med kubbeljos og stolar, mot eit stort panoramavindauge som viser eit tåkete fjellandskap med lyng og spreidde hytter i det fjerne.
Nedst i biletet står teksten: «Morgonlesing på hyttas bibliotek». Øvst er det ein musikk-tagg for Edvard Griegs «Morgenstemning».Video, spel han på Mastodon

God morgon frå hyttas bibliotek. Ei roleg lesestund før me skal dra ut på eventyr.

Ein selfie av ein breitt smilande mann med raudleg skjegg, olivengrøn fleecejakke, ljosgrøn t-skjorte og ei veskereim over brystet på ein perrong under det gamle, klinka jarntaket på Bergen stasjon. Til høgre står fronten på eit grønt og mørkegrått elektrisk Vy-tog av typen Stadler FLIRT (Vy litra BM75), merka med settnummeret «75162» under frontruta til høgre. Destinasjonsskjermen øvst i frontruta viser «R40 Myrdal» i oransje skrift, og toget skal køyra over Vossebanen. Vy sin logo prydar snuten, frontlysa lyser, og regndropar ligg att på den store frontruta. Den gule tryggleikslinja strekkjer seg langs perrongen til venstre for toget. I bakgrunnen reiser eit moderne, grått kontorbygg med rader av vindauge seg over perrongtaket, under ein grå, overskya himmel.
🚆 Tog: Stadler FLIRT · Litra: BM75 · Nr: 75162 · Stasjon: Bergen · Bane: Vossebanen · Selskap: Vy

Her er det plutseleg ein #TogSelfie! I dag skal eg ta toget til ein togstasjon eg aldri har vore på før, men som er inkludert i mitt vanlege, sentrumsorienterte busskort.

Det eksotiske Trengereid.

Oktober

Kaizers i Göteborg, så Praha-toget

  1. Bergen
  2. Oslo S
  3. Göteborg
  4. Helsingborg
  5. Helsingør (ferje)
  6. København H
  7. Praha hl.n.
  8. København H
  9. Malmö
  10. Göteborg
  11. Oslo S
  12. Bergen

Om lag elleve timar på fyrsteklasse frå København til Praha.

Kaizers Orchestra sin siste konsert i comebacket, på Filmstudion i Göteborg. Så vidare gjennom Sverige og Danmark til Praha. Pils frå fat i restaurantvogna, ein restaurant der modelltog kjem med maten, og Praha frå toppen av Petřín.

Janove Ottesen i Kaizers Orchestra syng i profil, i motlys og blå scenerøyk, med brekkjernet heva høgt over hovudet.

Konsert

Kaizers Orchestra

Filmstudion, Göteborg · 24. oktober

«Siste konsert for Kaizers i deira comeback. Det var fantastisk.»

Gigowl
Scena på Gothenburg Film Studios før Kaizers Orchestra-konserten. Eit djupraudt, krølla fløyelsteppe fyller bakgrunnen. Til venstre står ei høg, blank, galvanisert metalltønne med lok, av typen bandet spelar på, med to cymbalar og eit mikrofonstativ over. Til høgre er ei kvit Gretsch-stortromme med «KAIZERS ORCHESTRA» i mørke art deco-bokstavar, tre striper på kvar side av namnet, og to treblokker montert på toppen. Nede i venstre hjørne står to vassflasker og ein scenelampe, og eit par ristarar ligg på golvet.

Klar på Filmstudion i Gøteborg for #KaizersOrchestra sin siste konsert (for no)!

Selfie av Markus i publikum på Filmstudion i Gøteborg før Kaizers Orchestra kjem på scena, alt farga raudt av ljoset. Han gliser mot kameraet, med ein kvit og svart Kaizers-trucker-caps, mørk hettegenser og kort skjegg. Bak han står publikum tett og pratar, nokre med drikke i handa. Scena er tom og ventar: eit krølla, raudt fløyelsteppe bak, eit rundt emblem høgt oppe på teppet, mikrofonstativ, metalltønner, eit trøorgel til venstre og eit trommesett med «Kaizers Orchestra» på stortromma. Spotlights lyser ned frå ein rigg i det mørke taket, og eit grønt nødutgangsskilt lyser heilt til venstre.

I 2023 var eg på andre konsert av #KaizersOrchestra sitt comeback. I forgårs var eg på aller siste.

I 2023 skreiv eg at eg aldri hadde høyrd noko spesielt på dei, eg var aldri bitt av basillen, men sida då har eg sett dei to gongar i Bergen og ein gong i København.

Basillen beit tak til slutt.

Eit bilete av ein mann med skjegg, kortklipt raudbrunt hår og olivengrøn fleecejakke, teke frå sida inne i ein trikk på linje 12 i Göteborg, mellom Jubileumsparken og Pumpgatan. Han står ved vindauget med ei skulderveske på kryss over brystet, støttar seg med den eine handa mot veggen og filmar med mobilen i den andre, og på mobilskjermen ser ein lokomotivet utanfor. Gjennom ruta, til høgre i biletet, står eit raudt diesellokomotiv med mørkeblå ramme og understell frå Green Cargo, med ein liten grøn logo på sida av førarhuset. Framme går eit grusa spor med kontaktleidningsmaster og ei gate langs sida. I bakgrunnen ligg mørke murblokker og eit glasbygg under ein blå himmel med kvite skyer, og taklampene i trikken speglar seg som oransje striper i ruta. Inne i trikken viser ein skjerm klokka «12:02» og teksten «passerad».
🚆 Selskap: Green Cargo · Om bord: nei

På trikken mot togstasjonen køyrde me om kapp med eit godslok. Snedig at godsloket var nærmare bilvegen enn trikken.

Ein selfie av ein mann med skjegg og store, vidopne auge som drikk av eit krus med øl, i ei rosa t-skjorte med Levi's-logo på brystet. Han sit i sete 52 i vogn 263, eit sete med svart skinntrekk og raude saumar på fyrste klasse om bord i ein ČD ComfortJet. Det klåre glaskruset med Pilsner Urquell-logoen i relieff er fylt med gyllen pils og ein kant av skum, og på handa som held det sit ein ring. Oppe til venstre heng ein skjerm i taket som viser vognnummeret «263» og ruta frå «København H» til «Praha hl.n.», med «Praha-Holešovice» som neste stasjon og ei raud linje med teksten «práce na trati». Til høgre heng ein raud nødhammar over skiltet «Kladívko pro nouzové rozbití okna». I bakgrunnen sit ein annan passasjer i blå jakke og ser ned, og bagasjehyllene over setene er fulle av koffertar og jakker.
🚆 Tog: ComfortJet · Nr: 263 · Bane: rj 385 · Selskap: ČD

Me er i Tjekkia. Stemmen over anlegget har blitt latterleg dårleg. Eg har vore i restaurantvogna og henta meg ei pils frå fat. Neste stopp for #PrahaToget er faktisk Praha!

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg og rustraud t-skjorte ved ein langbord i togrestauranten Výtopna i Praha. Han løftar eit glas mørk ležák frå huset, med «HYBRID» trykt på glaset, og på bordet framfor han står ein boks Royal Crown Cola. Langs den buktande bordplata i ljost tre går modelljernbanespor, og til venstre kjem eit sølvgrått modell-diesellok med raude lys, som dreg flate vogner med mat. Øvst ligg ein trebrett med ei skål pasta. Bak han sit andre gjester, ein filmar toget med nettbrett og ein annan har eit smakebrett med fire øl. I bakgrunnen heng ei svart industrilampe, og ein skjerm merka «ARRIVALS» syner leveransane. Gjennom vindauga lyser neonskilt frå gata utanfor.

Er dette togselfie? Eg og ho kona sitt på Výtopna, ein togrestaurant! Her blir all mat og drikke servert via modelltog.

Snakk om #TogFerie.

Panorama over Praha frå toppen av utsiktstårnet på Petřín ein grå haustdag. Ein tung, kvitgrå himmel fyller nesten halve biletet, og byen forsvinn i dis mot horisonten.
Elva Vltava buktar seg gjennom biletet frå venstre mot høgre. Nedst i midten går Karlsbrua over elva, med bruetårn i kvar ende, og like ved ligg ein kvit demning på skrå i vatnet. Lenger oppover elva til venstre ligg fleire bruer på rad under ein skogkledd ås.
Nedst til venstre er raude tak og grøne koparkupplar på Malá Strana. På andre sida av elva ligg gamlebyen og Nové Město som eit tett hav av raude og blekgule tak, med kyrkjespir og tårn her og der. Ved elvebredda til høgre ligg Nasjonalteateret med mørkt tak, og ei bru går over ei lita øy i elva.
Midt på horisonten stikk TV-tårnet i Žižkov opp, og heilt til høgre står nokre høghus.
Nedst til høgre er tretoppane på Petřín-høgda i haustfargar, gult, oransje, brunt og grønt.

Ny Praha-utsikt i dag. Frå toppen av Petřín-tårnet.

Ein våt beverrotte sit på ein stokk som ligg delvis under vatn ved nordspissen av Střelecký ostrov, ei øy midt i elva Vltava i Praha. Pelsen er mørkebrun med raudbrune og oransje glimt, og han står i våte tustar. Dyret klør seg på brystet med den eine framlabben, og små vassdropar sprutar rundt det. Det har ein stor, butt snute, lange kvite værhår, eit lite mørkt øyre og eit lite blankt auge, og ser mot høgre. Den lange, runde halen ligg bak det langs stokken. Enden av stokken er oppsplitta og lys inni, og vatnet rundt er roleg og blått med spegling av himmelen. Gule og brune haustlauv flyt i vatnet.Ei kaie står på ein våt stein ute i vatnet ved nordspissen av Střelecký ostrov, midt i elva Vltava i Praha. Fuglen er svartgrå med ein mørk kalott på hovudet, ein grå nakke og eit ljost, sølvkvitt auge som stirrar rett fram. Nebbet er kort og svart. Fjørdrakta på brystet og magen er litt ruska, med nokre ljosare flekkar. Dei svarte føtene held fast i steinen med krumme klør. Bak kaia ligg ein større, flat stein som speglar seg i vatnet, og elva rundt er blå med spegling av kvite skyer. Eit gult lauv skimtar under vassflata.

I Praha har me òg fått sett litt eksotisk dyreliv. Blant anna beverrottar (som visstnok ikkje er bevere, men nærmare marsvin), og kaier (som visstnok ikkje er kråker, men er ei slektning).

Ein mann med skjegg, olivengrøn hettegenser, mørke bukser, kvite joggesko og ein stor, mørkeblå ryggsekk står ytst på ein perrong om kvelden og strekkjer mobilen ut i armlengds avstand for å ta ein selfie. Han smiler breitt mot telefonen medan eit mørkegrått elektrisk lokomotiv av typen El 18 rullar inn langs perrongen rett bak han. Lokomotivet er sterkt uskarpt av farten, med det hellande frontpartiet strekt ut til eit lyst slør og frontlysa trekte ut til raude og kvite striper nede til venstre. Bak lokomotivet glir dei opplyste vognene forbi. Mannen står like innanfor den gule tryggleikslinja på den brosteinlagde perrongen, og over toget heng kontaktleidningar og master mot ein svart nattehimmel.

Ho kona tok som vanleg bilete av at eg tok bilete. Dette tykkja eg blei ganske stilig.

Eg stod litt lengre ute på perrongen enn eg trudde, og toget var litt kjappare enn normalt.

November i gang

Den store kinodagen

Fem filmar på éin dag på Bergen Kino. Ingen andre kjøpte billett til Charlie Harper, så visninga vart flytta til KP13, ein sal som vanlegvis er for private arrangement, og eg hadde han for meg sjølv.

Kino

Den store kinodagen

Bergen Kino · 7. november

  1. 10.30 Wildwood KP5Fantastisk.
  2. 13.00 Charlie Harper KP13Sterk og hjarteskjerande.
  3. 16.00 Suser avgårde LUX4Rotete og ambisiøs.
  4. 18.00 Sense and Sensibility KP3Morosam og varm.
  5. 21.00 Primetime KP3Godt spela, men tempoet sat ikkje.
  • Planlagt Konsert: Synne Sørgjerd, Det Akademiske Kvarteret, Bergen, 21. november
Selfie av meg i gangen utanfor ein kinosal. Til venstre heng eit stort, kvitt skilt med «KP13» på ein svart vegg, og under det står ei rad med treribber i ulike høgder, som eit lydbølgjemønster. Eg står til høgre, med ope munn og breitt glis, og peikar med tommelen mot skiltet. Eg har raudt skjegg, bustete hår, grøn fleecejakke og ein reim over brystet.

Her er eg utanføre den hemmelege salen. Han kan visstnok leigast for arrangement. Mogleg eg må finne på ein grunn til å leige salen for ein god film....

Desember

Desember er ikkje komen enno.